Skip to main content
Slik får vi med oss unge lesarar!
Foto: Landslaget for lokalaviser (LLA)

Slik får vi med oss unge lesarar!

  • Dato og tid:
    17. juni kl 12.00 – 15.00
  • Hvor:
    Pressens hus, Skippergata 24, 0154 Oslo
  • Pris:
    Gratis
  • Åpent for:
    Alle, digitalt
  • Arrangør:
    Landslaget for lokalaviser (LLA)
Landslaget for lokalaviser (LLA) inviterer til fagdag om lokalavisene. I løpet av tre timar får du vite meir om unge lesarar. Lokalavisene får også gode råd og ein debatt om lokalavisene og stortingspolitikarar før årets val.

Del I: Slik får vi med oss unge lesarar!

På fagdagen legg LLA fram ei undersøking blant 20 til 40-åringar i alle kommunane som dekkes av ei LLA-avis. Vi får vite kva folk i denne aldersgruppa tenkjer om lokalavisene. Deretter blir det debatt om korleis avisene skal møte utfordringa frå lesarane.

Etter debatten kjem Gard Michalsen med gode råd til lokalavisene. Michalsen har sjølv jobba i lokalavis. I tillegg etablerte han i si tid Medier24 og har også jobba som redaktør i E24.

Del II: Den store haustjakta. Om forholdet mellom politikarar og lokalaviser før stortingsvalet

Mellom stortingsvala uttrykker mange lokalaviser frustrasjon over at det ikkje er så enkelt å få tak i rikspolitikarane, særleg partitoppane, men også ofte stortingsrepresentantar frå eige fylke. Før vala blir jakta snudd. Då er det stortingskandidatane som vil ha tak i journalistane for å bli intervjua!

På LLAs fagdag spør vi: Kva forventar stortingskandidatane av lokalavisene? Og kva forventar lokalavisene av stortingskandidatar og stortingsrepresentantar?

Fagdagen blir leia av LLAs generalsekretær Tomas Bruvik og pressepolitisk rådgjevar Rune Hetland (bildet). Øvrige gjester og debattantar blir presentert nærare arrangemengtsdato.

Oppdatert informasjon og lenke finn du her:

https://lla.no/kalender/fagdag-fra-pressens-hus/

Fagdagen vert send direkte frå Pressens hus. Du får dermed heile programmet med deg digitalt.