Dei siste åra har vi sett auka eigarkonsentrasjon og samarbeid i mediebransjen. Korleis har utviklinga vore det siste året? Korleis påverkar tøffare økonomiske tider driftsvilkåra til dei redaktørstyrte journalistiske media? Og kva betyr desse utviklingstrekka for mediemangfaldet?
13. desember legg Medietilsynet fram ny status for det norske mediemangfaldet i eit avsendarperspektiv, følgt av ein panelsamtale med følgjande deltakarar:
Siv Juvik Tveitnes, konserndirektør i Schibsted News Media
Olav T. Sandnes, sjefredaktør i TV 2
Anders Opdahl, konsernsjef for Amedia
Aslak Skretting, konsernsjef i Jærradiogruppen og styreleiar i Norsk Lokalradioforbund
Lillian Holden, ansvarleg redaktør i Hallingdølen
Velkommen til Pressens Hus 13. desember kl. 09:00–10:30.
We use cookies and similar technologies to improve your experience on our website.